AMATØR/GEN.KORPS - TØF Nordvesten

TØF
Nordvesten
2019
Title
Go to content
Tomra Ørskog Festivalen 2019
Amatørkorps og Generasjonskorps   
1 og 2 div. brass, 1 og 2 div. janitsjar og generasjonskorps.
Påmeldingsfrist 1 februar 2019

Ingebrigt Davik Huset, søndag 17 mars 2019
Dommarar: Tormod Flaten og Jøran Hatten.

         
Amatørkorps
Korpsa spelar eit sjølvalgt program på inntil 20 min.
Høgaste oppnåelege poengsum er 110 poeng, 100 p for musikalsk framføring og 10 p for program.
I kvar divisjon blir dei tre beste korpsa samt beste solist premiert.
Solistprisen blir tildelt enkeltpersonar – ikkje grupper.
Napp i vandrepokalen for amatørkorps til beste korps i 1. div. (brass el. janitsjar).
Generasjonskorps
Korpsa spelar eit sjølvalgt program på inntil 20 min. Høgaste oppnåelege poengsum er 110 poeng,
100 p for musikalsk framføring og 10 p for program.
Dei tre beste korpsa samt beste solist blir premiert. Solistprisen blir tildelt enkeltpersonar – ikkje grupper.
Alle divisjonar
Åpen dømming med 2 dommarar.
Divisjonar kan bli slått saman om ein div. har ferre enn 3 påmeldte korps.
Spelerekkefølga blir ikkje bestemt ved trekning. Årsaka er at ein del korps har felles medlemmer, samt at vi så langt råd er gir dei som reiser lengst seinast speletidspunkt. Spelerekkefølgja kjem i seinare info.

Påmeldingsfrist 1 februar 2019
Påmeldingsavifta er kr. 200,- pr. medlem (konkurransebillett inkludert).
Påmeldingsavgifta skal betalast innan 18 februar 2019.
De får tilsendt faktura.
Korpset er ikkje rekna som påmeldt utan betalt påmeldingsavgift.
Korps som melder avbod etter 18 februar får ikkje påmeldingsavgifta refundert.
Back to content