UNGE TALENTER - TØF Nordvesten

TØF
Nordvesten
2019
Title
Go to content

Festivalen blir avslutta med
FESTKONSERTEN UNGE TALENTER
ID-Huset, søndag 17 mars

Ørskog Brass med dyktige solister frå skulekorps i Nordvest.
Vi er glade for muligheita til å gi unge talent ei scene.

Presentasjon
UNGE TALENT:











Florian Rademacher Krogsæter
10 år, Vestnes skolekorps
Florian kåra til årets musikar under Ungdommens Musikkmeisterskap (UMM) 2018-2019i Oslo.
Ein utruleg flott presentasjon av Florian som er den yngste som nokon gong er kåra til Årets Musikar.

Har kvalifisert seg to gongar til UMM i Oslo frå regionalt mesterskap i Ålesund som solist på althorn. Vann messing, klasse under 12 år i UMM i Oslo 2018. Vann solistprisen under Nordvesten for skulekorps i 2018 i lag med Vestnes skolekorps. Var solist i lag med Luftforsvarets Musikkorps på 100 års Jubileet til Norges Musikkorps Forbund på Åndalsnes 30. september 2018. Har detatt to gongar i Foden's Solo, Duet and Quartet Competition og har blant anna fått 2. plass i duett, klasse 12-16 i lag med Emil to gongar, samt 3. plass i Slow Melody, klasse under 12.











Emil Rademacher Krogsæter
13 år, Vestnes skolekorps
Har kvalifisert seg to gongar til UMM i Oslo frå regionalt mesterskap i Ålesund som solist på to ulike instrument, kornett og tuba.
Solist for Vestnes Skolekorps. Har deltatt to gongar i Foden's Solo, Duet and Quartet Competition og har blant anna vunne 2. plass i duett, klasse 12-16 i lag med Florian to gongar, samt prisen The most Outstanding Bass Player 2018











John Sivert Frøystad
15 år, Tomrefjord Skulekorps.
Går i 10. klasse på Tomrefjord skule. Byrja på aspirant når han var 8 år. Er elev ved Vestnes Kulturskule med Robert Sztorc som lærar. Har spelt slagverk i Tomrefjord skulekorps sidan han var 10 år. Spelar i Molde Brass Band. Har tidlegare spelt i Ørskog Brass.
Back to content